Ipad-deksel som tåler ein støyt

 

Me har nokre få ipaddar til utlån for elevar som ikkje har skaffa eigne ipaddar. Tidlegare har me kun hatt enkle deksel som ikkje vernar mot støyt. No har me skaffa deksel frå Otterbox og det ser greit ut ved første augekast.

IMG_2767     IMG_2762    IMG_2763

Dekselet består av 3 deler: –

  • eit lokk som også fungerer til å legge brettet på slik at det står på skrå, sjå bilde 3.
  • Dei to andre delene skal festast rundt ipadden slik som på bildet i midten. Over skjermen er det plastfolie som dekker og som fungerer i forhold til touch-skjermen.

Første ulempe som er oppdaga er at det er ikkje så godt feste på den delen på lokket som får ipadden til å stå på skrå. Me får sjå etterkvart korleis det går.

Andre merke på tilsvarande deksel er Griffin Survivor og Target. Fordeler og ulemper på desse veit eg ikkje enno.

No når ipadden har fått eit godt deksel, sender me ipadden med heim med spørmål om dei kan ta bilde av noko heime. Denne eleven har svært lite talespråk og eit bilde kan hjelpa til med å formidla noko heimanfra.

 

 

 

 

 

 

 

Advertisements
Posta under ipad, utstyr - "hard ware" | Merkt | Kommenter innlegget

SPOT 2016

Denne veka har eg vore på SPOT2016 i Lillestrøm og er komen heim med mange tankar og inspirasjon etter 2 intense dagar ilag med ca 500 andre menneske – 6 av oss frå samme skole. At me fekk reisa fleire ilag gir bedre grunnlag til vidare samarbeid med å bruke teknologi i undervisninga.

SPOT er Statped sin konferanse om spesialpedagogikk og teknologi. Statped består at mange statlege kompetansesenter og einingar rundt om i Norge, og dei gir blant anna veiledning i opplæring til barn, unge og vaksne. For mange menneske har teknologien utvikla seg til å bli gode hjelpemiddel for mange personar. Men også frustrasjon!! På denne konferansen var det mest om mulegheiter, om vyer, men også om å velje rett i eit hav av program.

Utstilling av maskinvarer, programvarer, bøker, hefter og elles anna utstyr var ein viktig del av konferansen. Her var leverandørar som reklamerte for sine ting, forlag med litteratur og diverse hjelpemiddel – mange brosjyrar hamna i bagasjen rundt om i landet. Mellom forelesningar, under måltid og ved standar møtes folk og pratar om ulike problemstillingar og interesseområde.

Her er eksempel på tema på forelesningar:

  • digital læring i framtidens samfunn
  • Spill som mulighet for barn med særlige behov
  • Språk + digitale verktøy = mestring og glede
  • Interaktive tavler som inkluderingsverktøy
  • Appifisering av spesialundervisningen – om å velge riktig
  • Teknologi blir magi – en dyslektikers hverdag

Konferansen starta og slutta med forelesningar i plenum. Dei fleste forelesningane var parallell-forelesningar – 4 samtidig, og nokre av forelesningane eg kunne ha tenkt meg, var fulle før eg fekk meldt meg på.

Dei fleste forelesningane hadde presentasjonar som var lagt ut i pdf-filer på førehand. Dermed har me lett tilgang på dette materiale. Det samne galdt linker til f.eks skjema. HEr var det bl.a brukt google delingsdokument – og dette hadde eg blitt kjent med i Mooc-kurset.

Statped – spot2016

Håpar eg får dra på slik konferanse fleire gonger!

 

 

 

 

 

 

 

 

Posta under Kurs/konferansar | Merkt | Kommenter innlegget

Preludium – første blogginnlegg

Gjennom opplæringa i Smartlæring, har me fått i oppgåve å oppretta ein blogg. Denne bloggen skal difor handla om bruk av digitale tenester og hjelpemiddel for elevar i den gruppa som eg underviser i. Namnet på bloggen kallar eg “Den digitale krukka”. Ei krukke er ein behaldar der ein kan hente ut noko frå, og me kjenner det også frå Bibelen om ei krukke som aldri vart tom. Eg opplever at digitale hjelpemiddel aukar i omfang etterkvart som me tar dei ibruk ogmuligheitene tar heller ikkje slutt.

Elevane mine er ungdommar med nedsatt kognitiv funksjon og store hjelpebehov. Dei fleste har også motoriske utfordringar, men alle klarar å trykke og dei fleste “sveipe” på eit nettbrett. Nokre har Rolltalk som dei brukar i ulik grad. Ingen av dei kan lese ordbilder, men dei fleste kan – meir eller mindre – lese grafiske tegn. Smartboard har me også brukt ein del.

Slik eg ser det, er oppgåvene i kurset lite retta mot elevane mine. Difor må eg vinkla arbeidet på ein annan måte. Å følgja dette kurset opplever eg likevel som svært nyttig, bl.a fordi det gir meg meir innblikk i nye måtar å undervise på i ordinære klassar.

Den delen av sosiale tenester som kallast samarbeidsteknologi, tenkjer eg kan vera aktuelt, f.eks når me skal utarbeida lokal læreplan for elevgruppa. Det kan også vera i samband med vurdering av elevar eller å utarbeida undervisningsopplegg.

Me skal utvida bruk av nettbrett til fleire klassar på skolen. Her kan me delta med samskriving med kollegaer på eigen arbeidsplass, og på andre skolar med tilsvarande klassar. Kanskje kan me ta i bruk Notebook, “flipped classrom”, Google Dokument og GoogleKlasserom. Målet mitt vidare er å prøve nye måtar å arbeide på, og dette skal omtalast i bloggen.

det-gode-dometUlike appar me kan bruka på nettbrett vil  bli omtalt . Nokre innlegg skal også handle om nedsatt kognitiv funksjon og tema rundt dette. Kanskje blir det innlegg knytta til Rolltalk Designer og andre spesialprogram som er retta mot elevar med kommunikasjonsvanskar.

Ny informasjon kan føre til endring av holdninger. Eg har vore ein konsument  av informasjon, kanskje kan eg etterkvart vera med å dela mine erfaringar, meiningar og holdningar og dermed bli produsent i dette tema.

Å få utvide området kvar ein hentar inn informasjon er også interessant – det har eg allerede merka ved å følgja ulike sider på Facebook, her er stadig lenker til artiklar. På Twitter har eg vore innom ein del, men mest som konsument, og innan eit snevert område. Kanskje kan det endra seg etter at kurset er gjennomført.

Samtidig med å sjå muligheter, ser eg også ulemper med å vera aktiv i dei same sosiale medier både på jobb og privat. Klarar eg då å koble ut jobben i fritida?

Dette er første innlegg på denne bloggen.Eg kastar meg ut i det og publiserer den! Så blir det nok endringar i utforminga etterkvart. Eg må finna ut korleis eg skal få ein god oversikt over dei ulike tema, slik at både eg og andre lett kan finna igjen aktuelle emne.

Posta under Tankar | Kommenter innlegget